• Torbjørn Vereide (bildet) og Roger Pilskog i LO i Vestland skriv om fordelane med yrkesfag. (Foto: Jostein Vedvik)

«7 grunnar til å velje eit yrkesfag»

Yrkesfag opnar yrkesvegen i mange retningar, skriv forfattarane av dette innlegget.

1.mars er frist for alle 10. klassingar til å søkje vidaregåande skule, og i desse dagane føregår det viktige diskusjonar i både heimar og vennegjengar om kva studieval ein skal velje for framtida.

I diskusjonane om yrkesval, får den viktige fag- og yrkesutdanninga for lite merksemd. Allmennfag eller studiespesialiserande er sjølvsagt viktig, men samfunnet og næringslivet skrik etter personar med yrkesutdanning. Ifølge Statistisk sentralbyrå vil vi mangle om lag 90.000 fagarbeidar i 2035. Med andre ord er yrkesvegen eit sterkt kort for å sikre seg eit arbeid i framtida.

Ei utdanning innan yrkesfag startar som hovudregel med to år på ein vidaregåande skule og deretter to år i lære i ei bedrift. Etter læretida går alle opp til fagprøve og får eit fagbrev. Etter fullført fagbrev ligg vegen framleis open for høgare utdanning dersom ein ønskjer det. Du kan velje Y-vegen til ein fagskule eller ein høgskule eller eit universitet. Er du til dømes elektrikar med fagbrev, kan du kome direkte inn på elektroingeniørstudiet utan å ha generell studiekompetanse.

I vidaregåande opplæring er det 180 yrkesfag å velgje mellom. Det er med andre ord utdanningsretningar for alle interesser. Bedriftene våre vil ha den beste arbeidskrafta. All erfaring viser at dei mest etterspurde ingeniørane, er dei som har arbeidserfaring gjennom eit fagbrev. Desse har med seg praktisk erfaring og ein kompetanse som er gull verdt for samfunns- og næringslivet.

Yrkesfag opnar yrkesvegen i mange retningar. Denne vegen sperrar ikkje sjansen for seinare å ta høgare utdanning. Arbeids- og næringslivet ventar på din kunnskap og kompetanse. Her er 7 gode grunnar for å velje yrkesfag og seinare få fagbrev:

1. Du kjem deg raskt ut i arbeid

2. Du får løn i læretida under utdanning

3. Du unngår stort studielån

4. Du kan velje 180 spennande utdanningsretningar

5. Du kjem hurtigare inn i bustadmarknaden

6. Du blir god til å løyse praktiske problem og jobbe sjølvstendig

7. Du sperrar ingen utdanning- og jobbmoglegheiter, men opnar for fleire

 

Roger Pilskog
Distriktssekretær LO i Vestland

 

Torbjørn Vereide
Fagleg ungdomssekretær LO i Vestland

Andre saker