• I haust kjem eit nytt kull utvekslingselevar til Noreg som skal utforske norsk kultur med alt det inneber.

Leserinnlegg:

Vel ein ny kvardag - bli vertsfamilie

MENINGER: Den siste tida har vi blitt mint på at det stadig er behov for å arbeide saman for å fremme mangfald, interkulturell forståing og gjensidig respekt mellom menneske. Ein enkel måte å bidra til dette på er ved å bli vertsfamilie.

Innsendt av Brit Kalsnes frå Fyllingsdalen, frivillig og tidlegare vertsfamilie i YFU Norge

Sommaren er på hell og kvardagslivet med sine rutinar og gjeremål er godt i gang. Det er litt vemodig, men tenk på at nettopp din kvardag kan vere ein annan sitt eventyr. Vi i utvekslingsorganisasjonen Youth for Understanding (YFU) søkjer etter vertsfamiliar som ønskjer å bryte med rutinane, liker å bli kjent med nye menneske og bidra til ei verd der mangfald og forskjellar er høgare verdsett. Det kostar så lite og vil gi så mykje!

I haust kjem eit nytt kull utvekslingselevar til Noreg som skal utforske norsk kultur med alt det inneber – språk og dialektar, vafler med brunost, skiturar, fjellturar og byturar, 17. mai, Skam og Mari Boine, curry, tacofredag og fiskebollar- kva no enn den spennande miksen av ein kultur som akkurat deira norske familie og lokalsamfunn har, for det varierer jo.

Men fire av desse ungdomane manglar framleis vertsfamilie. Vil du åpne heimen din for ein ungdom for skuleåret 20/21? Eller som velkomstfamilie for nokre veker til YFU finn ein permanent familie, til dømes Ole frå Tyskland som liker å vere ute i naturen eller Lina frå Sveits som elskar å synge og spele musikk? 

Kva vil det seie å vere vertsfamilie?

Vertsfamilien tek vare på eleven som eit familiemedlem. Vertsfamilien dekkjer kost og losji og eleven dekkjer sjøl andre utgifter som lommepengar m.m. Vi vil gjerne ha vertsfamiliar som speglar heile Noreg. Alt som trengs er ei ledig seng og eit ønskje om å gi eleven eit godt år i Noreg.

Ungdomane kjem til Noreg i midten av september, så viss du er interessert, ikkje nøl med å kontakte vår inbound-koordinator, Sunniva (inbound@yfu.no), for ein uforpliktande samtale! Du finn meir info på vertsfamilie.yfu.no.

Andre saker