• Odd Inge Matre meiner dei strenge tiltaka må opprettholdast til det kjem ei vaksine. (Foto: Privat)

Meiningar:

Hald fram med strenge tiltak

Eg synes det er bra at byrådet ikkje fulgte smittevernoverlegens råd om ikkje å stengje treningssenter, idrettshallar, svømmehallar, museum og bibliotek.

Me hadde ein sterk oppadgåande kurve med smitte og dødsfall, og då måtte det strengare reglar til.

På nemnde fasilitetar er det stor fare for smitteoverføring. Smitten kan overførast via dråpar i lufta.

Og kor mange i idrettshallane, på treningssentrane og i svømmehallen bruker munnbind, mon tro?

Ein kan smitte andre sjølv om ein ikkje har symptom, og det kan ta opp mot ei veke før symptom på sjukdom kjem. Innan denne veka kan ein også smitte vidare.

Dei strenge tiltaka må opprettholdast inntil vaksinen kjem.

Berre slik kan smitten stoppast og me kan unngå fleire offer for pandemien.

Av Odd Inge Matre

Andre saker